Historikk
Vår historie
Faren min, Johan Løviknes, starta opp med å køyre søppel for Eid kommune i 1962. I starten var det kommunal renovasjon berre i sentrum. Søppelet vart samla inn i ståldunkar og vart dumpa i Svora ved Rv 15, minnast Rolf Morten.
På 80-talet starta Rolf Morten Løviknes opp med uteleige av containerar og han dreiv frå 1999 saman med faren Johan med renovasjon i samarbeid med Norsk Gjenvinning. Frå 2003 til 2008 var det dei som hadde kommunal renovasjon i delar av Eid og Bremanger gjennom Norsk Gjenvinning. Faren Johan dreiv på til han vart pensjonert i 2004, då overtok Rolf Morten heile selskapet og var transportør for Norsk Gjenvinning fram til 2019. Sidan det har eg drive for meg sjølv.
Bilopphuggeriet
Eg kjøpte næringstomta i Hjalmvegen 43 i 2008 og har bygt stein på stein. Det minste stålbygget hos Løviknes Gjenvinning kom opp i 2020, og er ein hall for miljøsanering av bilar.
Den fyste store hallen i blei bygd i 2008. Den er 20 meter brei, 24 meter lang og har i mønehøgd på 9 meter. Her er det god plass til å laste om og sortere avfall frå containerar.
Det er også her i den store hallen dei miljøsanerte bilane vert plasserte og banka flate med gravemaskin. Deretter blir dei køyrte til Vartdal for gjenvinning, vraka går inn i ei stor kvern og massen blir automatisk sortert i kategoriane stål, aluminium og restavfall.
UTSTYR: Løviknes har utstyr til å handtere både store og mindre køyretøy. Miljøsaneringa går føre seg i den minste hallen, deretter vert bilane frakta over i den store hallen der dei blir banka flate.
FLEKSIBEL GJENVINNING: Løviknes Gjenvinning både hentar og tek imot bilvrak, og har både kranbil og containerar, vi hentar og tek imot i heile nordfjord søre sunmøre og bremanger. Dei som leverer blir registrerte og får vrakplanten på konto etter nokre dagar. I tillegg driv vi også med riving av bygningar og har lang erfaring med dette feltet.